Startside EnglishGerman

VELKOMEN TIL EIDSELVA  2018

 

Velkomen til sida vår som vi håpar vil gi deg lyst til å vitje den fantastiske elva vår.   Vi klarer aldri å presentere det fulle og heile biletet her - elva må opplevast!

 

 

 Fisket opnar 1.juni og held fram til og med 31.august.

 

Redskapsbegrensning frå 25. juli-18. Sjå aktuelt framside.

 

 Generelle kvotereglar:
Årsmøtet  i Eid elveeigarlag har vedteke fylgjande regulering for fisket sesongen 2018.

  • 2 laks pr. fisker pr. ½ døgnskort og 4 laks pr. døgnkort. Med laks meinast frå og med minstemål. 2 halvdøgnskort på same sone etter kvarandre vert å rekne som eit døgnkort.
  • Totalkvote på 10 villaks over 3 kg pr. fisker i sesongen 2017.
  • Minstemål for sjøaure / laks er 40 cm.
  • Kvote sjøaure: maksimum ein sjøaure pr. fiskar pr. halvdøgnskort, 2 pr. heildøgnskort.
  • Minner Dykk om skjellprøve av all fisk.
  • Hugs også på rapportering av fangst. Dette er svært viktig - vi er heilt avhengig av rett rapportering for å få styre elva sjølve.
  • Gjenutsett fisk skal registrerast og rapporterast med ca vekt og lengde.


Desinfisering:
Det vert desinfiseringsstasjonar på Nesjartun camping, Cirkle K  og hjå Arild Andersen ( Skipenes Gard ). Har du vore i anna vassdrag, så skal fiskeutstyret desinfiserast. Dokumentasjon vert utskriven frå desinfiserings-stasjon.

Prisar:Standardpakke pr. person: 2 Stenger, klepp og vadarar med sko kr 75

Utstyr utover dette kr 75 i tillegg. 


Fiskeoppsyn:
Det vert utførd kontroll av fiske og fiskeredskap på alle soner. Kontrollør har og funksjon som kontaktperson ved evt. spørsmål frå den enkelte fisker.

Kontrollører:

 
Dag-Ståle Leivdal          924 30 525  Alle soner, kontaktperson for heile elva.

Eirik Johnson                 906 11 162  Alle soner. Kontaktp. Staten.

Henning Langeland      416 96 649   Alle soner. Kontaktp. Stokkenes og Langeland.

Asgeir Skrede               950 11 156  Alle soner. Kontaktp. Moen/Fossen/Nor/Kvien.
Stian Bjørlo                   908 81 628  Alle soner. Kontaktp. Bjørlo.
Irvin Yri                         975 97 654  Alle soner. Kontaktp. Staten og Bjørlo.

Øyvind Bjørlo                913 43 561  Alle soner. Kontaktp. Bjørlo.


Vi vil oppfordre Dykk alle til å ta med boss slik at det vert ei triveleg oppleving ved elva.

 

Skitt fiske!

 

Merke- og peileprosjekt i Eidselva

Eidselva vert i år med i prosjektet som starta i Stryneelva i fjor. Det er plassert ut ein serie lyttebøyer i elva og ut i gjennom heile Nordfjorden som registrerer når fisken passerer bøyene innafor omlag 400 m. Planen er å fange inn yngel med elektrisk fiske og deretter bedøve fisken og sette inn ein sender. Heile prosjektet er i regi av NMBU og FM i Sogn og Fjordane har gjeve løyve. Oppdrettsnæringa er med og finansierer prosjektet. Målet er å kartlegge lakseyngelen sitt vandringsmønster og vandringstid. Når dette er kartlagt kan oppdrettsnæringa koordinere si lusebehandling for at det skal vere minst mogeleg smittepress når yngelen vandrar ut fjorden. For auren er målet å sjå korleis denne nyttar fjorden både i tid og utstrekning for kanskje å kunne finne årsaka til den katastrofale nedgangen i aurefisket dei siste åra. 

Det skal merkast omlag 100 lakseyngel og 40 aurar og kanskje også noko Honndalsaure. Elveeigarlaget tykkjer det er eit spennande prosjekt og ser fram til resultata etterkvart som dei kjem. Vi håpar dette kan gi oss verdifull informasjon til det beste for elva, laksen, auren og fiskararane.

Legg ved lenkje til rapporten frå prosjektet i Stryn i fjor: 

https://static02.nmbu.no/mina/publikasjoner/mina_fagrapport/pdf/mif48.pdf

Her er eit par filmsnuttar av flotte laksar og sjøaurar fra kameraprosjektet i Eidselva.

 

Styret i Eid elveeigarlag har beslutta redskapsbegrensning frå 25. juli og inntil vidare.

Det er kun tillate med flugefiske og lett makkfiske.

Situasjonen vert vurdert fortløpande

Forskriftsendring

Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk vart endra av Fylkesmannen 6 April 2018. 

Les meir her: https://lovdata.no/dokument/FV/forskrift/2018-04-06-539?q=fiske%20i%20og%20utanfor

SLUTT PÅ RESTRIKSONANE PÅ FISKE

Restriksjonane med kraftig redskapsbegrensning er no oppheva. Vassføringa har auka gradvis og vi har letta på restriksjonane ein gong før. No er vassføringa på 22 m3 og styret har bestemt å oppheve dei innførte begrensningane slik at det no også kan fiskast med sluk.

Aktuelt
SLUTT PÅ RESTRIKSONANE PÅ FISKE

Restriksjonane med kraftig redskapsbegrensning er no oppheva. Vassføringa har auka gradvis og..

Les meir »
Forskriftsendring for fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk.

Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk vart endra av Fylkesmannen 6 April 2..

Les meir »
Aktuelt

Styret i elveeigarlaget har i samråd fagrådet for Eidselva i dag bestemt at redskapsbren..

Les meir »